Knuten i Geiranger
(Omdirigert frå Knuten (veg))
Knuten er eit vegbyggverk ved Ørjasæter i Opplendskedal, Geiranger i Møre og Romsdal.
Knuten er ei vegkurve på 270°. Den vart konstruert for å redusere vegstiginga, og kryssar seg sjølv med ei bru. Den var opphavleg del av Geirangervegen frå 1889, og er framleis i så god stand at små køyretøy kan passere.
På verdsutstillinga i Paris i 1900 fekk ingeniørane gullmedalje for konstruksjonen, med orda: «Du giver et godt bilde av den storartede norske fjeldnatur».
Den nye køyrevegen går forbi Knuten via ei skjering.
FotogalleriEndra
BakgrunnsstoffEndra
- Knuten i Geiranger i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren