Babafjella
(Omdirigert frå Koh-i-Baba)
Baba-fjella (pasjto بابا غر Bâbâ Ǧar, farsi کوه بابا Koh-e Bâbâ) er ei fjellkjede i Afghanistan som er ei vestleg forlenging av Hindukush. Kjeda er rundt 6 mil lang. Den høgaste fjelltoppen i kjeda, Shah Fuladi, er 5143 moh. og ligg like sør for Bamiyan.[1]
Babafjella | |||
fjell | |||
Land | Afghanistan | ||
---|---|---|---|
Høgd | 4 951 moh. | ||
Babafjella 34°38′43″N 67°37′27″E / 34.64527778°N 67.62416667°E | |||
Wikimedia Commons: Koh-e Baba |
Babafjella dannar eit vasskilje og er opphavet til alle dei større elvesystema i Afghanistan: Kunduz-Amu-Darja i nord, Harirud i nordvest og Helmand i sør.[1]
Shibarpasset på rundt 3 000 moh. skil Babafjella frå resten av Hindukush, og er éin veg mellom Kabul og Bamiyan.[2] Hajigakpasset på rundt 3 500 moh. er kortare, men mindre farbar, og del av hovudvegen mellom byane.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Баба (горный хребет)) i Store sovjetiske leksikon ( Большая советская энциклопедия, БСЭ/ Bolsjaja sovjetskaja enziklopedija/BSE), 3. utgåve 1969–1978 (russisk)
- ↑ Bob McKerrow, «A full description of the Mountain Ranges of Afghanistan», Mountains of our Minds (15. november 2008)
- Denne artikkelen bygger på «Koh-e Baba» frå Wikipedia på tysk, den 17. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Koh i Baba Mountains Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., Imperial gazetteer of India: provincial series, Volume 1 Supt. of Govt. Print., 1908