Kokain

kjemisk sambinding

Kjemisk struktur
Kokain

CAS-nummer
50-36-2
ATC-nummer
{{{ATC}}}
Metabolisme lever
Halveringstid 1 time
Utskiljing Nyrene/urin
Administrasjonsform oral, IV, gjennom lungene, sniffing, gjennom huda, PO

Kokain (bensoylmetylekgonin) er eit alkaloid som ofte vert misbrukt som narkotika. Kokain vert utvunne av blad frå kokabusken (Erythroxylon cocae), som veks i Sør-Amerika, særleg i Bolivia, Colombia og Peru. Kokain stimulerer sentralnervesystemet og undertrykkjer kjensle av svolt. Stoffet gjev ei kjensle av lukke og stor energi.

Sjølv om kokain i dag i hovudsak vert misbrukt som rusmiddel, kan det òg i sjeldne tilfelle verta nytta til lokalbedøving ved operasjonar i augo, halsen eller nasa.

Kokain er eit stoff det er sterkt vanedannande, og har ei særs sterk brukarbinding.[1]

Stoffet står på den norske narkotikalista[2] og stoffet er soleis forbode i Noreg som i nesten alle andre land.

Namnet kokain kjem frå plantenamnet koka pluss alkaloidsuffikset -in.

Dei oppkvikkande og svoltdempande effektane til kokablada hadde vore kjende i fleire hundre år før forskarane klarte å isolera den aktive substansen i 1859. I rein form er effekten av kokain langt sterkare enn i kokablada. Stoffet vart etter kvart teke i bruk som rusmiddel, og mange store intellektuelle, kunstnarar og musikarar har nytta kokain. Fram til 1929 kunne ein finna spor av kokain i Coca-Cola.[2]

Kokain kan takast på fleire ulike måtar for å fremja energi og ei kjensle av lukke. Det kan setjast med sprøyte, sniffast gjennom nasa, røykjast, takast opp gjennom huda (til dømes i munnen) eller sveljast. Kroppen reagerer med høgare blodtrykk, og omfattande bruk kan føra til hjarteinfarkt.

Doping

Stoffet står på dopinglista til antidoping-byråa WADA og Antidoping Norge.

KjelderEndra

  1. [1] Arkivert 2005-03-12 ved Wayback Machine. (daud lenkje}
  2. Narkotikalista

«Cocaine»Wikipedia på engelsk 5. oktober 2006.

«Kokain»Wikipedia på bokmål 5. oktober 2006.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Kokain