Kolahalvøya

halvøy lengst nord i Russland

Kolahalvøya (frå kildinsamisk Куэлнэгк нёаррк, Kuelnegk njoarrk; russisk Кольский полуостров, Kolskij poluostrov) er ei halvøy lengst nord i Russland og ein del av Murmansk oblast. Ho grensar til Barentshavet i nord og Kvitsjøen i aust og sør. I vest grensar halvøya til ei linje frå Kolabukta gjennom Imandra, Kolasjøen og elva Niva til Kandalaksjabukta.

Kolahalvøya
halvøy
Land  Russland
Kart
Kolahalvøya
68° N 36° E
Kart over Kolahalvøya og omliggande havområde.
Kart over Kolahalvøya og omliggande havområde.
Kart over Kolahalvøya og omliggande havområde.
Wikimedia Commons: Kola Peninsula

Halvøya er om lag 100 000 km² stor. Nordkysten er høg og bratt, medan sørsida er flat. Vest på halvøya går det to fjellkjeder, Khibiny og Lovoziorskije Tundry, sistnemnde med fjell på opp til 1120 meter over havet. Sentralt på øya ligg vasskiljet Kejvy.

Sidan isbrear under den siste istida fjerna dei øvste sedimentlaga er overflata på Kolahalvøya særs rik på forskjellige malm og mineral, som apatitt, aluminakjelder, jernmalm, glimmer, keramisk råstoff, titanmalm, amberglimmer og vermikulitt, samt malm av mindre vanlege og farga metall. MMC Norilsk Nickel driv gruver på Kolahalvøya. SG-3, det djupaste boreholet i verda, ligg på Kolahalvøya, nær grensa til Noreg.

Trass i at halvøya ligg langt nord har ho eit relativt mildt klima på grunn av dei varme havstraumane frå Atlanteren. I januar er middeltemperaturen om lag -10 °C og i juli om lag 10 °C. Halvøya er dekt av taiga i sør og tundra i nord.

Kolahalvøya har mange elvar med stryk. Dei viktigaste av dei er Ponoj, Varzuga, Teriberkaelva, Voronja og Jokanga. Dei største innsjøane er Imandra, Umbozero, Lovozero. Elvane og halvøya er dei viktige yngleområde for atlanterhavslaksen Salmo salar, som kjem frå Grønland og Færøyane for å gyte i ferskvatn. Som følgje av dette er det populært med fiske i området og fleire fjerntliggande hytter og leirar er bygd i området for sportsfiskarar gjennom sommarhalvåret. Kolaelva vert dekt av is om vinteren.

Bortsett frå russiske pomorar er halvøya òg heim for samar, som vart tvinga til å busetje seg i byen Lovozero i kommunisttida og som no driv reinsdyrhald i det meste av regionen.

Etter at Kola, den gamle busetnaden som gav namn til halvøya, svikta, har den store hamnebyen i området vore Murmansk. I sovjettida var Murmansk ein viktig ubåtbase og den russiske nordflåten held framleis til her.[1]

Heile Kolahalvøya er råka av stor økologisk skade, hovudsakleg som følgje av forureining frå militæret, samt industriell gruvedrift etter apatitt. Om lag 250 atomreaktorar, produsert av det sovjetiske militæret, står att på halvøya. Sjølv om dei ikkje lenger er i bruk skapar dei framleis stråling og lek radioaktivt avfall.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Northern Fleet: Naval Facilities near Murmansk, Murmansk oblast. Nuclear Threat Initiative.
  2. Environmental Problems in North-West Russland. Arkivert 2006-07-16 ved Wayback Machine. Aleksej V. Jablokov. International Network of Engineers and Scientists Against Proliferation.

Koordinatar: 67°41′18″N 35°56′38″E