Ein kombinasjonstone, differenstone eller summasjonstone er eit akustisk fenomen som gjer at ein høyrer ein ekstra tone når to tonar med ulikt svingetal eller frekvens kling samstundes. Dei ekstra tonane har svingetal lik differansen og summen av dei to opphavlege tonane sine svingetal. Slike kombinasjonstonar oppstår i øyret. Viss tre eller fleire tonar kling samstundes, blir det danna ei lang rekkje slike differens- og summasjonstoner i øyret.

Differenstonar blir nytta i orgelbygging der verknaden av store basspiper kan skapast av piper med mindre lengd. Kombinasjonstonar opptrer òg i vanlege elektroniske forsterkarar som klirr.

Kjelder endre