Kommunar i Litauen
Kommunane i Litauen er det andre nivået i den administrative inndelinga av Litauen. Inndelinga på det fyrste nivået består av ti fylke, som igjen er delt inn i desse 60 kommunane. Det finst tre typar:
- Distriktskommunar (Litauisk: rajono savivaldybė) – det finst 43 av dei. Det er vanleg å bruke berre distrikt når ein referer til desse, då nemninga kommune ikkje blei innført før i 1994.
- Bykommunar (Litauisk: miesto savivaldybė) – det finst åtte av dei. Seks av desse er basert på dei seks største byane. Den spesielle statusen til Visaginas bykommune (basert på den 13. største byen) blir forklart ved at størstedelen av befolkninga er russarar. Palanga bykommune har denne nemninga sjølv om han ikkje berre er basert på ein, men fleire byar.
- Kommunar – det finst ni av dei, og dei blei laga i 2000 under ei reform av kommunane. Desse har verken by eller distrikt i namnet. Neringa kommune eksisterte før som Neringa bykommune.
Alle kommunane, med tre unntak, Klaipėda distriktskommune (hovudstad: Gargždai), Akmenė distriktskommune (hovudstad: Naujoji Akmenė) og Neringa kommune (hovudstad Nida), har namnet sitt etter hovudstadane deira.
KartEndra
Dette kartet viser både fylka og kommunane i Litauen. Åtte bykommunar og to kommunar er markert med nummer:
1 – Vilnius bykommune |
4 – Panevėžys bykommune |
7 – Birštonas kommune |
ListeEndra
- Denne artikkelen bygger på «Municipalities of Litauen» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2008.