Kommunikasjonssatellitt
Ein kommunikasjonssatellitt er ein kunstig satellitt som er plassert ute i verdsrommet for å mogleggjere telekommunikasjon mellom store avstandar på jordkloden. Det kan vere frå ein verdsdel til ein annan, eller frå land til sjø.
Kommunikasjonssatellittar nyttast til telefoni, radio- og fjernsynsoverføyringar, internett, amatørradio og ulike militære føremål.