Kongen i Rauma

(Omdirigert frå Kongen (Rauma))
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kongen.

Kongen er eit fjell lengst sør på vestsida av Isterdalen i Rauma kommune. Det ligg mellom fjelltoppane Bispen i sør og Dronninga i nord. Toppen er synleg frå Trollstigen.

Kongen i Rauma
fjell
Kongen, Dronninga og Bispen. Fotografi truleg frå 1890-åra.
Høgd 1 614 moh.
Primærfaktor 470 m
Koordinatar 62°28′21″N 7°38′19″E / 62.47250°N 7.63861°E / 62.47250; 7.63861
Kart
Kongen i Rauma
62°28′21″N 7°38′19″E / 62.47249985°N 7.63861132°E / 62.47249985; 7.63861132
Wikimedia Commons: Kongen

Frå Stigrøra (besøkssenteret på toppen) går det stiar opp fjellsida på nordsida av vegen opp til Bispevatnet. For å kome til skaret mellom Bipsen og Kongen held ein langs høgresida av Bispevatnet i ur og merkt sti. Så tek ein mot venstre i skaret for å finne stien opp mot sjølve Kongen. I byrjinga er stien godt merkt med vardar, men mot siste oppstiginga på om lag 1400 moh. blir det brattare og siste biten mot toppen er bratt og krev klyving. Delar av dei siste 300-400 høgdemeterane er delvis merkt med vardar og kan opplevast noko luftig og utsett i visse parti.

Sjølve platået på toppen er flatt og består av ur med bratte stup på dei fleste kantar.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.