Kongsberg stasjon

Kongsberg stasjon er ein jarnbanestasjon i Kongsberg sentrum, 99,37 kilometer frå Oslo. Stasjonen ligg 161,9 moh. Kongsberg ligg på Sørlandsbanen og er endestasjon for lokaltog Kongsberg-Eidsvoll.[1]

Kongsberg stasjon

Kongsberg stasjon
Foto: Mahlum
Stasjonsområde
Stad Kongsberg
Distanse 99, 37 km frå Oslo Sentralstasjon[1]
Høgd 161,9[1] moh.
Opna 1871
Arkitekt Gudmund Hoel og Niels Winge Grimnes
Linjer og rutedrift
Linje(r) Sørlandsbanen
Overgang
Kart
Kongsberg stasjon

Den opphavelege stasjonen vart opna i 1871 da sidelinja til Randsfjordbanen Hokksund–Kongsberg stod ferdig.[1]

Ny stasjon med noverande plassering vart bygt etter teikningar av Gudmund Hoel og Niels Winge Grimnes og teken i bruk i 1917 i samband med bygginga av Sørlandsbanen.[1]

Stasjonen og bygningane på området vart freda av Riksantikvaren i 1997.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Kongsberg». Bane NOR. Henta 24. september 2017. 
  2. «Kongsberg jernbanestasjon - Sidelinjen Hokksund - Hjuksebø». Riksantikvaren: Kulturminnesøk. Henta 24. september 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kongsberg stasjon