Konkordans i litteratur

liste av ord eller termar i ei utgjeven bok

Konkordans er nytta i litterær samanheng som ei nemning for bøker som gjev ei alfabetisk oppstilling av ord i litterære verk og liknande, der det vert gjort greie for dei stadene i verket som dei aktuelle orda førekjem, ofte òg med sitat av dei samanhengane orda står i. Konkordansar er til dømes laga for slike heilage skrifter som Bibelen. For den latinske Bibelen vart det laga ein konkordans allereie i mellomalderen.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.