Opna hovudmenyen
Pierre Schaeffer presenterer lydsystemet Acousmonium

Konkret musikk er ei form for elektroakustisk musikk som tar i bruk naturlege lydar, som gjerne blir omarbeidde elektronisk, for så å bli sett inn i ein kompositorisk samanheng. Naturlege lydar treng ikkje vera lydar ein på nokon som helst måte forbinder med noko musikalsk, og når dei blir omarbeidde, er det dessutan ofte uråd å høyre kva som var utgangspunktet. Det var den franske komponisten Pierre Schaeffer som introduserte omgrepet musique concrète i 1950-åra, og han utvikla òg det teoretiske bakteppet for omgrepet.

I konkret musikk, som var lyttestyrt, ønska ein å eksperimentera med lydane og sjå kva ein klarte å få til medan ein laga musikken. Dette innebar ei større grad av prøving og feiling, i motsetnad til elektronische musik (knytt til Karlheinz Stockhausen), der ein visste kva ein var ute etter på førehand og hadde større grad av kontroll over musikken.[1] I konkret musikk låg fokuset på å manipulera lyd som allereie eksisterte (naturleg eller akustisk lyd).

Både innan elektronische musik og konkret musikk er den metriske takten ein kjenner frå tradisjonell musikk heilt borte.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:16