Konrad Nordahl

norsk politikar

Konrad Mathias Nordahl (fødd 25. september 1897 på Askøy, død 22. mai 1975) var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar. Han var leiar for Landsorganisasjonen (LO) i perioden mellom 1939 og 1965. Fram til 1957 heitte LO Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon - AFL. Han var formann i Norsk Jern- og Metallarbeidarforbund frå 1931 til 1934 og nestleiar i LO frå 1935 til 1939. Han rykte opp som leiar i LO då Olav Hindahl gjekk inn i regjeringa i 1939. Han var leiar i LO i lengre tid enn nokon annan. Den 9. april 1940 forlet han Oslo saman med regjeringa. 12. april blei Elias Volan vald til formann i Nordahl sitt fråvære av eit tillitsmannsmøte med utgangspunkt i Fagopposisjonen av 1940. Frå 1941 var Nordahl i London, der han organiserte eit LO-kontor i eksil. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo frå 1957 til 1965.

Konrad Nordahl

Fødd25. september 1897
Askøy kommune
Død22. mai 1975 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Då Arbeiderpartiet braut med Komintern, følgde han først mindretalet, og var i nokre år medlem av Norges Kommunistiske Parti, før han i 1928 skifta til Arbeiderpartiet.

Bakgrunnsstoff

endre


Føregangar
Olav Hindahl
Leiar for LO
1939–1965
Etterfylgjar
Parelius Mentsen