Kontaktpotensial eller kontaktspenning er den elektriske spenninga som opptrer når to kjemisk eller fysisk sett ulike elektriske leiarar eller halvleiarar kjem i kontakt med kvarandre. Kontaktpotensialet kjem av at den midlare frigjeringsenergien for leiingselektron varierer frå stoff til stoff.

Ferminivåa som representerer eit midlarar energinivå for ledningselektrona, ligg ulikt i tilhøve til energien for elektron ved overflata av leiarane. Når stoffa kjem i kontakt med kvarandre, vil leiingselektrona innstille seg i termisk likevekt slik at ferminivåene kjem på same potensial, medan overflatepotensiala blir ulike. Denne potensialskilnaden blir kalla kontaktspenninga mellom dei to stoffa. Om fleire stoff blir knytt i serie, vil potensialskilnaden mellom det første og siste vere lik summen av kontaktpotensiala ved kvart enkelt samband. I ein slutta straumkrins blir summen av alle kontaktpotensiala lik null, så lenge alle kontaktflatene har same temperatur. Kontaktpotensialet kan då ikkje skape noko straum i krinsen. Om kontaktflatene har ulik temperatur, oppstår ein elektromotorisk spenning lik summen av alle kontaktpotensiala, og dette gjev opphav til termoelektriske straumar.

Kjelder endre

kontaktpotensial. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kontaktpotensial