Konventikkelplakaten

Konventikkelplakaten var ei lov som vart oppretta av Kristian VI 13. januar 1741 og gjorde det ulovleg for ein predikant å halda gudelege forsamlingar – konventiklar – utan godkjenning frå soknepresten.[1][2] Lova vart oppheva i 1842 og dette la grunnlaget for forsamlingsfridommen her i landet.

Lova var i utgangspunktet eit forsøk frå staten si side på å knebla dei radikale pietistane, som ikkje ville la seg binda av kyrkja sitt krav om einskap, men heldt frie møte utan godkjenning frå soknepresten. Med lova prøvde ein å bevara einskapen i kyrkja. Men vekkingsrørslene på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet let seg ikkje stoppa. Predikanten Hans Nielsen Hauge vart særleg kjend for kampen mot konventikkelplakaten.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Konventikkelplakaten». Arkivverket. Henta 14. februar 2016. 
  2. «konventikkel». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2016. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.