Konvergenssonen i det sørlege Stillehavet

Konvergenssonen i det sørlege Stillehavet (SPCZ, South Pacific Convergence Zone) er eit motsett-retta monsuntråg og eit lågt konvergensband med skyer og nedbør frå varmebassenget vest i Stillehavet og søraustovre mot Fransk Polynesia. Det er ein del av den intertropiske konvergenssonen (ITCZ) som ligg like sør for ekvator, men kan stundom ha meir ekstratropiske eigenskapar, særleg aust for datolinja. Det vert rekna som den største og viktigaste delen av ITCZ og er mindre avhengig av oppvarming frå nærliggande landmassar om sommaren enn andre område i monsuntråget.[1]

PlasseringEndra

Sonen oppstår der den søraustlege passatvinden møter dei delvis permanente austlege vindane frå høgtrykket aust i Stillehavet. SPCZ finst både om sommaren og vinteren med tilnærma same orientering og plassering. Han skil seg ofte frå ITCZ over Australia, men stundom slår dei seg saman og dannar ei kontinuerleg konvergenssone. Plasseringa til SPCZ vert påverka av ENSO og den tiårige svinginga i Stillehavet. Han strekkjer seg generelt frå Salomonøyane via Fiji, Samoa til Tonga. Konvergensen langs dette bandet dannar skyer med regnbyer og torevêr.[2] Torevêr i bandet er avhengig av årstida, sidan delen av bandet som ligg nærast ekvator er meir aktivt på den sørlege halvkula om sommaren og mest aktiv på polsida av bandet om hausten og våren.[3] Konvergenssonen flyttar seg aust eller vest avhengig av om El Niño eksisterer eller ikkje.

Tilknytt oseanografiEndra

Søraust langs bandet er sirkulasjonen rundt bandet slik at det vert oppretta ein salinitetsgradient i havet, der ferskare og varmare vatn vest i Stillehavet ligg lengst vest. Kjøligare og saltare vatn ligg i aust.[4]

ForflyttingEndra

Konvergenssonen flyttar seg nordaustover under El Niño og sørvestover under La Niña (samla kalla ENSO). Den same rørsla finn stad under positive. Den same rørsla finn stad under positive og negative tiårige svingingar i Stillehavet. Vest for om lag 140 ºW påverkar både El Niño og den tiårige svingingar SPZC kraftig, men lenger aust er det berre ENSO som påverkar sonen. Berre nær 170 ºW kan ein sjå indikasjonar på ein vekselverknad mellom dei to faktorane. (Folland et al., 2002)

Sjå ògEndra

KjelderEndra