Kora

strengeinstrument frå Vest-Afrika

Kora er eit strengeinstrument som er utbreidd i Vest-Afrika. Koraspel er knytt til griot-tradisjonen, der ein utøvar spelar og fortel. I Gambia er kora rekna som nasjonalinstrument, men det blir også mykje brukt i Senegal, Mali, Guinea og Guinea-Bissau. Det er særleg knytt til mandinkafolk.[1]

Kora

Klassifiseringharpelutt
Hornbostel-Sachs klassifisering323.2
Nærbilde av koraspel

Koraen er ei luttliknande harpe, der kroppen er laga av ein kalebass med ei kuskinn spent over. Instrumentet har vanlegvis 21 strenger. Ein spelar som regel kora i sitjande stilling, med instrumentet opprett og med strengane vende rett mot utøvaren. Ein spelar med begge hender på han, som på ei harpe, og knipsar strengane mellom tommel og peikefinger. Ein speler eit kontinuerleg ostinat (kumbengo) på dei djupare strengene og ein melodi (donkilo) eller improvisasjonar (birimitingo) på dei lysare strengene. Dei ulike stemmene er sjølvstendige og kontrasterande, og gjev ein kompleks, polyfon og ofte polyrytmisk musikk.[1]

Nokre kjende koraspelarar er Toumani Diabaté, Ballaké Sissoko og Mory Kanté.

Galleri endre


Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Knudsen, Jan Sverre (20. januar 2022). «kora». Store norske leksikon (på norsk bokmål).  Frigjeven artikkel.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kora