Korgen kyrkje
Korgen kyrkje er ei krosskyrkje frå 1863 i Korgen sokn i Indre Helgeland prosti. Korgen ligg i Hemnes kommune i Nordland fylke.
Korgen kyrkje | |||
Korgen kirke | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
Prosti | Indre Helgeland | ||
Sokn | Korgen | ||
Fellesråd | Hemnes | ||
Type | krosskyrkje | ||
Arkitekt | Nils Grenstad | ||
Teknikk | tømra | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1863 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 450 | ||
Korgen kyrkje 66°04′36″N 13°49′31″E / 66.0766°N 13.8254°E | |||
Wikimedia Commons: Korgen kirke |
Kyrkja vart lafta i tømmer 1862/63. Nils Grendstad frå Vefsn teikna kyrkja og leidde arbeidet. Altertavla vart måla av Johan Løvholt frå Narvik vart vigsla nyårsdagen 1927 og viser Kristi himmelferd. Året etter vart preikestolen utsmykka med trefigurer av dei fire evangelistane og norske kyrkjeleiarar, skorne av Andreas Nilsskog, Drevja. Trefigurar av Martin Luther og Heilag-Olav vart plassert i koret - desse to vart sidan flytta til våpenhuset.
Byggverket skal vere bygd med 450 plassar. Atkomst til stedet er via Rv806 eller E6.
Bakgrunnsstoff
endre- Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Korgen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Korgen kyrkje Arkivert 2013-12-14 ved Wayback Machine. frå KyrkjesøkDenne kyrkjeartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.