Korntrikken var ei sporvognsrute i Oslo med godstrikkar, som frå 1918 og fram til 1967 transporterte korn frå kornsiloenVippetangen i Oslo hamn og på det ordinære sporvegsnettet opp gjennom byen over Grünerløkka til dei to møllane Nedre Foss mølleGrünerløkka og Bjølsen ValsemølleSandaker. Båe møllane låg attmed Akerselva, og hadde opphavleg elva som kjelde til drivkrafta. Til kornsiloen på Vippetangen kom kornet i båt.

Korntrikken fotografert i 1945 på Bjølsen Valsemølle (Oslo byarkiv).
Kornsiloen på Vippetangen.

Transporten på strekninga opp til mølla på Sandaker tok til i 1918, medan transporten til mølla på Grünerløkka tok til seinare. Dei fyrste åra vart det nytta ombygde, gamle trikkar. Seinare kom spesialbygde korntrikkar, som var måla i ein grå farge.

Nedre Foss mølle er lagd ned og sjølve mølla rive i 1986, medan siloen ved mølla er bygd om til studenthyblar, Grünerløkka studenthus, etter å ha vorte kjøpt av Studentsamskipnaden i Oslo i 2000. Her er ein kopi av fronten på dei gamle, spesialbygde korntrikkane stilt ut attmed inngangsdøra. Mølla på Sandaker er framleis i drift, og kornet vert framleis frakta opp dit frå den same siloen på Vippetangen, men no i spesialbygde tankbilar.

Bakgrunnsstoff endre