Koronarsinus

samling av mindre koronarvener som saman former ei hovudåre, sinus, som frakter blod vekk frå hjartemuskelen, myokard

Koronarsinus (latin sinus coronarius) er ei vene som tek imot blod frå hjartemuskelen, myokard. Ho finst i hjartet til menneske og ein del andre dyr. Nøyaktig korleis anatomien er, er ulikt mellom artane.

Hjartet sett bakfrå, koronarsinus i blått

Koronarsinus ligg i gropa mellom venstre framkammer og hjartekammer på baksida av hjartet (posteriort). Ho kjem inn i høgre framkammer rett over trikuspidalklaffen.

Noko av den venøse returen frå hjartemuskelen går utanom koronarsinus rett inn i høgre atrium, enkelte små vener går også rett inn i eit av hjartekammera.

Ein normalvariant av anatomien hos menneske er at koronarsinus tek imot blod frå ei persisterande øvre venstre holvene, dette er ei blodåre som normalt forsvinn i fosterlivet. Koronarsinus er då forstørra. Dette er ikkje farleg, men om ein finn dette ved t.d. ekkokardiografi kan ein måtte gjere ytterlegare undersøkingar for å utelukka hjartefeil.

Sjå også endre