Korskirken

kyrkje i Bergen
(Omdirigert frå Korskyrkja i Bergen)

Koordinatar: 60°23′41.636″N 5°19′39.929″E

Korskirken er ei krosskyrkje frå 1100-talet i Bergen i Hordaland fylke. Namnet kjem ikkje av arkitekturen, men av at den var vigd til Den heilage krossen. Ho var ei av få kyrkjer i Norge som skal ha hatt ein ekte relikvie av krossen. Kyrkja er nemnt første gongen i 1181 i soga om Sverre Sigurdsson.

Korskirken
Foto: Thomasg74

Opphavleg var kyrkja reist som eit enkelt, rektangulært bygg med skip og kor på same sida. Seinare vart bygget vesentleg endra mellom anna ved tilbygg som omkring 1615-1623 gav den noverande krossforma.[1] Kyrkja fekk også ein portal med Christian IVs monogram.

KjelderEndra

  1. Bergenskartet http://www.histos.no/bergen/vis.php?kat=5&id=44 lese på nett 3.jan 2013.

BakgrunnsstoffEndra