Kosakk-registeret i Russland
Kosakk-registeret i Russland (russisk Государственный реестр казачьих обществ) er sidan 1995 tillate friviljuge organisasjonar med kosakktradisjonar som har teke på seg å utføre ymse tenester for allmugen, men likevel ikkje kan setje opp militære eller paramilitære forband.
Kosakk-registeretEndra
Gjennom ei føderal lov av 2005 vert ein kosakk definert som ein russisk innbyggar som er medlem i eit godkjent kosakksamfunn. Ein kosakk som reknar seg sjølv som kosakk, men som ikkje er registrert i Kosakk-registeret, har ikkje rett til å utføre tenester for allmugen med den statusen og rettane som dette fører med seg.
VerksemdEndra
Kosakk-samfunna si verksemd er i høve lova definerte slik:
- Organisera militærpatriotisk utdanning av komande vernepliktige som høyrer til i kosakk-samfunna, førebu dei for den ålmenne verneplikta og vidareutdanna dei til militærreserven.
- Delta i verksemder for å førebygga og eliminere verknaden frå ulukker og naturkatastrofar som del av sivilforsvaret, territorialforsvaret og miljøvernet.
- Medverka ved oppretthalding av ålmenn orden, tilsyn av miljø- og brandtryggleik, vern av statsgrensa og delta i kampen mot terrorismen.
- Utføre andre oppgåver etter avtale med sivile eller militære mynder på sentralt, regionalt og kommunalt nivå.
OrganisasjonEndra
Den høgste leiaren for kosakkane si verksemd er presidenten av Russland. Forvaltningsmynde er «Kosakkådet under presidenten i Den russiske føderasjonen».
Kosakk-samfunna er organiserte med desse elementa:
- Lokale samfunn i byar, stanitser og landsbyar.
- Kosakk-samfunn på kommunalt (rajon) nivå.
- Kosakk-samfunn på kretsnivå.
- 11 registrerte kosakk-samfunn på arménivå.
Kosakk-samfunn er oppbyggde etter prinsippet om demokratisk sentralisme.
Uniformer og utrustningEndra
Registrerte kosakker har visse særrettar, som å verte tildelte tenestegrader og å bera gradsmerke, utmerkjestegn, kosakkuniformer og nagajkar (pisk), sablar og dolkar og i visse sammanhengar skytevåpen.
Terek-kosakkar |
|||
Donkosakker |
|||
Kosakkane sine tenestegraderEndra
Kasák | Prikásni | Mládsji urjádnik | Urjádnik | Stársji urjádnik | Mládsji váchmistr | Váchmistr | Stársji váchmistr | ||||
Podchorúnsji | Chorúnsji | Sótnik | Podjésaul | Jesaúl | Vojskovoj starsjiná | Kazájitj polkóvnik | Kazátjij general | ||||
ReferensarEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kosacksamfälligheter i Ryska federationen» frå Wikipedia på svensk, den 26. januar 2018.