Kosmisk stråling

Kosmisk stråling er innanfor astrofysikk partiklar som stammar frå ei kjelde utanfor jorda og som treffer jordatmosfæren med høg fart, gjerne nær lysfarten, men den kinetiske energien til partiklane varierer mykje. På det meste kan energien vere på 1020  elektronvolt, som er mykje høgare enn det menneske greier å akselerere partiklar til i partikkelakseleratorar.

Energispektrum for kosmisk stråling

Rundt 90 % av desse partiklane er proton, 9% er heliumkjernar, òg kjend som alfapartiklar. Den resterande 1% inkluderer elektron og kjernane av tyngre element.

Kjelder til kosmisk stråling endre

Dei fleste partiklane kjem frå kjelder utanfor vårt solsystem, slik som roterande nøytronstjerner, supernovaer og svarte hol. Noko av den sterkaste strålinga kjem òg frå kjelder utanfor vår galakse. Måten den sterkaste strålinga oppstår på er noko ein enno ikkje fullt ut forstår.

Kosmisk stråling med energi over 10 GeV (1 Giga elektronVolt = 109 eV) stråler inn mot jorda like mykje frå alle kantar. Dette trur ein skuldast at det magnetiske feltet i galaksen vår endrar retninga til partiklane. Dette gjer kosmisk stråling mindre interessant i astronomi, sidan ein ikkje kan sjå kor ho kjem frå. Under 10 GeV vert partiklane påverka såpass av jorda sitt magnetfelt at dette påverkar retninga.

Kosmisk stråling vert òg skapt av sola, desse partiklane har låg energi, rundt 10-100 keV. Mengda og styrken kan auke ved solutbrot (flares) på sola. Solvinden kan òg skjerme for kosmisk stråling som kjem utanfrå solsystemet. Ein trur òg at ein del kosmisk stråling vert bremsa opp ved heliopausen ved grensa av solsystemet og at dette er den såkalla anormale strålinga, med uventa låg energi.

Deteksjon endre

Partiklane kolliderer med atmosfæren og i kollisjonen vert det skapt ei rekkje mesoner, kortvarige partiklar som vert omforma til myonar. Myonane vekselverker ikkje like lett med atmosfæren og myonane sin høge fart gjer at dei varer lenger, utfrå Albert Einstein sin relativitetsteori. Dette gjer at myonane kan rekke å nå ned til bakken. Myonane opptrer som ioniserende stråling, det vil si at dei riv laus elektron frå atom dei passerer. Dette gjer at dei kan detekterast med enkle midlar, til dømes kan ein sjå dei som tynne strekar i tåkekammer.

Påverkar strålinga atmosfæren? endre

At kosmisk stråling kan få vatn til å kondensere på denne måten har fått enkelte til å spekulere i om kosmisk strålinga kan påverke danninga av skyer.[1]

Det er uansett ålment akseptert at kosmisk stråling har halde nivået av karbon-14 konstant i atmosfæren, iallefall dei siste 100 000 år. Dette er viktig for bruken av C14-datering i arkeologi.

Forskingsprosjekt endre

Pågåande forskingsprosjekt rundt kosmisk stråling inkluderer:

Påverknad på menneske endre

Kosmisk stråling utgjer en liten del av bakgrunnstrålinga vi vert utsett for. Ei undersøking fann at kosmisk stråling utgjorde 10 % av bakgrunnsstrålinga i Australia.[2] Prosentdelen i Noreg vil truleg vere lågare sidan dei geologiske forholda gjer at Noreg har ei bakgrunnsstråling over gjennomsnittet. Kosmisk stråling vil derimot kunne vere ein stor fare under bemanna romferder.

Referansar endre