Periferieininga Kozáni

(Omdirigert frå Kozáni prefektur)
Periferieininga Kozáni
Περιφερειακή ενότητα Κοζάνης
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Vest-Makedonía
Hovudstad Kozáni
Folketal 137 210 (2021[1])
Areal 3 516 km² Rangering 11.
Folketettleik 39/km²
Kommunar 5
Postnummer 50x xx
Retningsnummer 246x0
Bilnummer KZ
Heimeside www.kozani.gr

Periferieininga Kozáni (gresk Περιφερειακή ενότητα Κοζάνης, Periferiakí enótita Kozánis) er eit periferieining i Hellas i periferien Vest-Makedonía..[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Kozáni.

Kozáni grensar til Kastoriá i vest og nordvest, Flórina i nord, Pélla i nordaust, Imathía og Piería i aust, Lárisa i søraust og Grevená i sør.

Administrativ inndeling

endre

Tidlegare var Kozáni eit prefektur. Frå 2019 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2][3]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Kozáni Kozáni Kozáni 501 00 24610-2 til 7
Eaní 500 04 24610-98
Dimítrios Ypsilándis 502 00 24610-96
Elimía 500 10 24610-63
Ellíspondos 501 00 24610-90
Eordéa Ptolemaída 502 00 24630-27
Ajía Paraskeví 502 00 24630-51
Mouríki 500 05 24630-6
Vérmio 500 06 24630-31
Vlásti 500 09 24630-93
Vóio Siátista 503 00 24650-2
Áskio 500 03 24650-71
Neápoli 500 01 24680-2
Pendálofos 500 07 24680-41
Tsotýli 500 02 24680-31
Sérvia Sérvia 505 00 24640-2
Kamvoúnia 505 00 24640-5
Livaderó 505 00 24640-41
Velvendós Velvendós 504 00 24640-31

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[4] Folketal 2021[1]
Kozáni Kozáni 41 066 42 140
Ptolemaída Eordéa 32 127 31 537
Siátista Vóio 5 490 5 057
Velvendós Velvendós 3 360 2 913
Krókos Kozáni 2 977 2 687
Sérvia Sérvia 2 980 2 677
Neápoli Vóio 2 285 2 036
Eaní Kozáni 2 006 1 586
Galatiní Vóio 1 795 1 458
Tsotýli Vóio 1 545 1 453
Perdíkkas Eordéa 1 582 1 372
Áno Kómi Kozáni 1 436 1 263
Néa Kharavjí Kozáni 1 294 1 185
Drépano Kozáni 1 287 1 134
Levkopijí Kozáni 1 161 1 113
Levkóvrysi Kozáni 1 208 1 089
Kíla Kozáni 1 115 916
Livaderó Sérvia 1 232 912
Platanórrevma Sérvia 1 004 864

Geografi

endre

Ein liten dal strekkjer seg frå nordlege område til elva Aliákmonas og Polýfytossjøen. Ein har fjell i både vestlege og austlege område, særleg i området rundt byen Kozáni, mellom anna Áskio i vest, Vérmio i nordaust og Vóio i sørvest.

Historie

endre

Området rundt periferieininga bestod av fleire kongedøme, inkludert Eordaia, og vart styrt av Kongedømet Makedonia og etter den tredje makedonske krigen vart det ein del av Romarriket. Seinare kom det inn under Austromarriket. Tidleg på 1300-talet erobra Det osmanske riket området og styret deira varte fram til balkankrigane i 1913. Det moderne prefekturet vart danna seinare og inkluderte det som i dag er periferieiningane Flórina, Grevená og Kastoriá. Flyktningar frå Vesleasia og Pontos kom til området under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.

Referansar

endre

Kjelde

endre