Krøderbanen er eit jarnbanespor på 26 km som går mellom Vikersund og Krøderen i Buskerud. Banen blei opna i 1872 og vart særleg nytta til tømmertransport. Passasjertrafikken blei lagt ned i 1958, og godstrafikken fortsette til 1985. Stortinget vedtok same år at Krøderbanen saman med Krøderen stasjon skulle takast vare på for ettertida som museumsjarnbane.[1]

Kart over Krøderbanen, 1902
Krøderen stasjon frå 1872 teikna av arkitekt Georg Andreas Bull.
Foto: Mahlum
Sysle stasjon
Foto: Mahlum
NSB type 24 på Krøderen stasjon
Foto: Espen Franck-Nielsen

Sommarstid køyrer Norsk Jernbaneklubb tog med damplokomotiv på Krøderbanen og dette har blitt ein turistattraksjon. Endestasjonen Krøderen stasjon er blitt til jarnbanemuseum.

I tillegg til endestasjonane stoppar Krøderbanen òg ved Snarum stasjon, Sysle stasjon og Kløftefoss stoppestad.

Linjekart endre

Teiknforklaring
  121,88 km Krøderen (1872)
  Fv191
  Rv280 (ca. 60 m)
  Slettemoen (1953)
  sidespor til Kløftefoss grustak
  116,50 km Kløftefoss (1891)
  Lia (1883)
  Ula (1949)
  111,75 km Morud (1873)
  110,60 km Grina (1875)
  Olavsby (1949)
  107,90 km Snarum (1872)
  Asbjørnhus (1948)
  105,80 km Gundhus (1948)
  Løkka (1951)
  103,62 km Sysle (1873)
  Jemterud (1948)
  Rv280
  Hære (1951)
  Grøtterud (1951)
  Rv35 (27,5 m)
  Randsfjordbanen frå Hønefoss
  95,91 km Vikersund (1866) 67,1 moh.
  Randsfjordbanen til Hokksund

Historikk endre

Ved opninga i 1872 var Krøderbanen smalspora med ei sporvidde på 1067 mm, men vart bygt om til normalspor på 1435 mm i 1909.[1] Tømmertransport frå Hallingdal til Drammen var den viktigaste kjelda til innkomme for banen.

Frå Krøderen stasjon i den sørlege delen av innsjøen var det samband med dampbåt til Gulsvik. Båtturen tok 2 1/2 time med D/S «Haakon Adelsten», «Krøderen» og «Norefjeld». Siste dampbåt gjekk i 1925. Da strekninga Voss-GulsvikBergensbanen vart teken i bruk i 1908 var det stor trafikk på Krøderbanen, men etter at Bergensbanen opna til Hønefoss og Oslo i 1909 var det berre lokaltrafikk.[1]

Freding endre

Stasjonsområdet på endestasjonen Krøderen er freda saman med rundt 2,6 kilometer av banen.[2]

Olavsrosa endre

Krøderbanen er tildelt Olavsrosa.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Norsk Jernbaneklubb / Krøderbanens historie». Henta 28. februar 2015. 
    • Krøderbanen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  2. «Krøderbanen». Olavsrosa. Henta 28. februar 2015.