Kraftverk er ei nemning på eit industrianlegg som genererer elektrisk energi. Det ville difor vera logisk å nytta nemninga energiverk i staden for kraftverk, men den misstydande nemninga kraftverk har teke hald i det norske språket.

Kraftverk

Ei anna missoppfatning er at det vert produsert energi, noko som strir mot energiprinsippet. Eit kraftverk produserer ikkje energi, men omset frå ei enegiform til ei anna. I eit vasskraftverk vert statisk energi omset til elektrisk energi, i eit kolkraftverk vert kjemisk bunden energi omset til elektrisk energi, og så vidare. Denne energiomsetninga kan skje på forskjellige vis:

  • Mekanisk (kinetisk eller potensiell) energi blir omdanna til elektrisk energi i ein generator. Døme: vasskraftverk, vindkraftverk, bølgekraftverk.
  • Kjemisk bunden energi vert omset til termisk energi når karbonet i kol, gass, eller olje reagerer med oksygenet i lufta i kolkraftverk, gasskraftverk og oljekraftverk. Den termiske energien vert så nytta til å driva dampturbinar, som omset den termiske energien til mekanisk energi, som så driv generatorar som omset den mekaniske energien til elektrisk energi. I mindre kraftverk, som til bømes om bord i skip, vert den kjemiske energien i olje omset til mekanisk energi i ein forbrenningsmotor, som konverterer den kjemisk bundne energien i oljen til meaknisk energi, som så vert nytta for å driva ein generator som omset energien til elektrisk energi.
  • Fisjon i eit kjernekraftverk frigjer termisk energi, som så vert nytta til å driva dampturbinar, som omset den termiske energien til mekanisk energi, som så vert så nytta til å driva generatorar som omset den mekaniske energien til elektrisk energi. Omsetinga frå termisk til elektrisk energi er med andre ord den same i kjernekraftverk som i kol- og gasskraftverk.
  • Nokre energiformer kan omdannast direkte til elektrisk energi, som til dømes når energien i sollys vert omforma til elektrisk enegi i ei solcelle (solenergi).

I Noreg vert over 99 prosent av den elektrisk energien generert av vasskraftverk[treng kjelde], men stadig nye vindkraftverk vert bygd ut. Nokre få gasskraftverk er i planleggingsfasen, og det vert drive utprøving av andre typar kraftverk.

Ulike typar kraftverk endre

Eksperimentelle kraftverk: