Krateret Eberswalde

krater på Mars

Eberswalde er eit krater i dei sørlege høglanda på Mars. Det har ein diameter på 65 kilometer og er delvis dekt av utkastet frå krateret Holden like ved.

Mars Express-bilete av Eberswalde (det mindre, deformerte krateret til høgre) og Holden (det største krateret, til venstre)
Deltaet i Eberswalde fotografert av Mars Global Surveyor

På bilete tekne av Mars Global Surveyor vart det oppdaga eit elvedelta i krateret, eit teikn på at krateret ein gong kan ha hatt ein innsjø. Deltaet er ei opphøging i terrenger heller enn ei nedsenking grunna seinare prossessar som har verka i området.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre