Kreta (IOK-kode CRT) deltok for fyrste gong under dei ikkje-anerkjende olympiske sommarleikane i 1906. Dei har ikkje delteke i nokre olympiske leikar seinare, men har delteke som ein del av Hellas frå 1908, sjølv om Den kretiske staten ikkje var ein del av Hellas før i 1913. Den kretiske troppen var sett saman av åtte mannlege utøvarar.
Kreta under OL
|

|
IOK-kode |
CRT
|
Utøvarar |
8
|
Idrettsgreiner |
2
|
Medaljefordeling under sommar-OL 1906
|
Gull |
0
|
Sølv |
0
|
Bronse |
0
|
Totalt |
0
|
Olympisk historie
|
Olympiske sommarleikar 1896–1904 · 19061 · 1908–20122 1 ikkje offisielt anerkjend av IOK 2 del av Hellas
|
|
Relaterte deltakingar
Hellas (1896 og 1908–2012)
|
|
Då Kreta deltok i sommar-OL 1906 nytta dei flagget til Den kretiske staten. Flagget har ein kvit kross på blå botn og ein raud firkant med ein kvit stjerne øvst inne ved stonga. Den kvite krossen på blå botn finn ein att i det greske flagget, medan den raude firkanten med kvit stjerne er ein versjon av flagget til det osmanske riket.