Opna hovudmenyen
Kringkastingsorkestret under Nobels fredspriskonsert i Oslo 2008
Foto: Harry Wad

Kringkastingsorkestret (forkorta KORK, skipa 1. september 1946 i Oslo) er NRKs orkester med drygt 50 musikarar. Orkestret skal stå til disposisjon for radio, fjernsyn og nett, og hovudkvarteret er Store StudioMarienlyst i Oslo.

HistorieEndra

Kringkastingsorkestret var opphavleg eit 24-mannsorkester sett saman av Gunnar Knudsens radioensemble og Øivind Berghs Bristol-orkester. Bergh var fast kapellmeister frå starten i 1946 og fram til han gjekk av i 1976. Kringkastingsorkestret hadde si første store tid under radioens gullalder på 1950-talet – med den ukentlege Meloditimen i ei årrekkje frå Store Studio. Kringkastingsorkestret har også vore ein markant bidragsytar ved store musikkshow som Melodi Grand Prix, Spellemannprisen og Nobels fredspriskonsert.

I 1976 tok Sverre Bruland over som dirigent, og orkesteret hadde då 48 musikarar. Bruland var sjefsdirigent fram til 1988. Seinare har orkestret vore leia av Avi Ostrowsky (1988–91), Ari Rasilainen (1993–2002) og Rolf Gupta (2003– 06). Hausten 2009 overtok danske Thomas Søndergård som sjefsdirigent, og sidan hausten 2013 har Miguel Harth-Bedoya vore sjefdirigent for orkestret. Harth-Bedoy er utdanna ved prestisjefylte Juillard og har lang internasjonal fartstid som dirigent.[1]

OrganisasjonEndra

Orkesteret ligg under NRKs kultursjef og blir administrert av ein orkestersjef. Orkestret har i dag drygt 50 musikarar og ein administrasjon på åtte medarbeidarar.

Utover 2000-talet var det turbulens om orkestrets eksistens, men i 2005 slo NRK fast at kringkastaren skal halde eit fast orkester som dekkjer eit breitt repertoar frå underhaldningsmusikk til symfonisk musikk. Orkestret har også turnert over heile landet, mellom anna under Den kulturelle skolesekken i regi av Kultur- og kirkedepartementet. Det har òg hatt ei rekkje konsertar med kjende artistar, alt frå Vamp, til rapparar og metalgrupper.[2] KORK har også vore portrettert i boka 53 musikere møter 53 fotografer (Messel forlag, 2002) og i realityserien OrkesterlivNRKi 2006. Hausten 2014 spelte orkestret nok ei gong hovudrolla, då i tv-serien Da KORK kom til bygda på NRK1.[3]

Markante musikararEndra

Blant kjende musikarar i orkestret si historie er namn som konsertmeister Aage Wallin, fløytisten Alf Andersen, pianisten Johan Øian, fiolinistane Ørnulf Boye Hansen og Leif Jørgensen, klarinettisten Harald Bergersen, trombonisten Alf Blyverket og fløytistane Per Øien og John Tonsjø.

PrisarEndra

Kringkastingsorkestret fekk Spellemannprisen 2006 saman med Grex Vocalis i klassa samtidsmusikk for albumet Arne Nordheim: Draumkvedet. Dei var også nominert til Spellemannprisen 2014 i klassa samtid for Perfect Strangers.

FotnotarEndra

  1. Jan Fredrik Heyerdahl (18. juni 2015). «Om KORK» (norsk). nrk.no. Henta 26. september 2016. 
  2. Jan Fredrik Heyerdahl og Hilde Bjørnskau (27. september 2010). «Dimmu Borgir spiller med KORK» (norsk). nrk.no. Henta 29. september 2016. 
  3. http://tv.nrk.no/serie/da-kork-kom-til-bygda/MKTF90000114/sesong-1/episode-1

BakgrunnsstoffEndra