Kringkastingsselskapet

Kringkastingsselskapet A/S var eit privat norsk radioselskap som vart etablert med faste radiosendingar 29. april 1925 i Oslo. Selskapet starta likevel testsendingar allereie 15. desember 1924, og sidan faste prøvesendingar i februar 1925, då Handelsdepartementet gav selskapet konsesjon til å kringkasta.[1] Konsesjonen gjaldt først i ein radius på 150 kilometer rundt Oslo.[2] Dei neste åra fekk Kringkastingsselskapet løyve til å senda i ei rekkje norske byar, men i 1933 vart kringkasting i Noreg nasjonalisert, og selskapet vart innlemma i den statlege kringskastaren NRK.[3] Eit av #den kjende programma til radiokanalen var Laurdagsbarnetimen, som starta opp 20. desember 1924.[4]

Om selskapetEndra

Kringkastingsselskapet heldt til i Brørne Hals Pianofabrik i Stortinggata 24–26 i Oslo.[5] Per Mathias Jespersen var tilsett som disponent, medan Gunnar Nygård var fullmektig i kontrollen.[6]

Utover i 1920-åra etablerte Kringkastingsselskapet kontor i andre norske byar. Selskapet fekk konsesjonar for sending i Hamar, Fredrikstad, Rjukan, Porsgrunn og Notodden allereie i 1926, utvida til Ålesund 1927, vidare til Stavanger, Trondheim og Kristiansand (under Julius Hougen og Olaf Benneche) i 1930, og dessutan Bodø i 1931.

I 1933 nasjonaliserte og monopoliserte den norske staten all radiokringkasting i landet, og Kringkastingsselskapet vart innlemma i den nye, statlege allmennkringkasteren Norsk rikskringkasting. Lokalane i Stortinggata 24–26 var i bruk fram til etter andre verdskrig, då NRK flytta til nye lokale på Marienlyst i Oslo.

KjelderEndra

  1. Hougen, J. (1932). Oslo kringkastingselskaps historie. Oslo: I kommisjon hos Norli. 
  2. Solheim, John (28. august 2014). «Massemedier i Norge». Store norske leksikon (norsk). Henta 19. juli 2018. 
  3. «Kringkastingsselskapet A/S – Aktørdetaljer». www.arkivportalen.no (norsk). 
  4. NRK. «Tre timer med Lørdagsbarnetimen». NRK (norsk bokmål). Henta 19. juli 2018. 
  5. Fordal, Jon Annar. «Veien til Norsk rikskringkasting». NRK (norsk bokmål). Henta 19. juli 2018. 
  6. «Kringkasting i tida før 1933 - Medie- og informasjonskunnskap 1 og 2 - NDLA». ndla.no (norsk bokmål).