Kristi forklåringsdag

Kristi forklåringsdag er ei kristen høgtid til minne om Kristi forklåring. I Den norske kyrkja blir ho markert på sundagen før fastelavnssundag. Dagen har vore markert denne sundagen sidan 1978. Dagen markerer avslutninga på openberringstida.

Tidlegare har dagen vore markert ulike dagar i året. Festen kom først inn austkyrkja, der han har vore feira sidan år 400 e.Kr. Feiringa fokuserer på Kristi makt og ære.

Dagen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.

KjelderEndra