Kristian Kjelling

Kristian Cato Walby Kjelling (fødd 9. september 1980) er ein norsk landslagsspelar i handball. Kristian voks opp på Grefsen i Oslo. Han starta handballkarrieren sin i Kjelsås 6 år gamal, med faren Eldar Kjelling som trenar. 10 år seinare fekk han A-lagsdebuten sin med Kjelsås i 2. divisjon. 17 år gamal forlét han Kjelsås for å spele i eliteserien for Vestli. Året etter gjekk turen til Drammen, der han vart i tre sesongar. Deretter vart Kristian ein av dei yngste profesjonelle handballspelarane gjennom tidene då han gjekk til spanske Ademar Leon, der han vart toppskårar i den spanske ligaen.

Kristian Kjelling

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1980 (43 år)
Oslo
Yrke handballspelar
Høgd 198 centimeter
Kristian Kjelling på Commons

29. mai 1998 fekk han landslagsdebuten sin på Namsos mot Sveits, men det store gjennombrotet hans kom under VM i Tunisia i 2005. I dag er Kristan mellom dei mest profilerte idrettsutøvarane i Noreg. Han har for tida 77 kampar for Noreg og 280 mål.

Han spelte for den topprofilerte klubben Portland San Antonio frå 2006 til 2009.