Kristiansund lufthamn, Kvernberget

Kristiansund lufthamn, Kvernberget er ein flyplass eigd og driven av Avinor AS. På Kvernberget ligg det òg ein helikopterterminal med flygingar til nokre av dei norske oljeriggane i Norskehavet.

Kristiansund lufthamn, Kvernberget

IATAKSU
ICAOENKB
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerKristiansund kommune Sjå dette på Wikidata
StadKristiansund kommune Sjå dette på Wikidata
Opna1970 Sjå dette på Wikidata
Høgd62
Koordinatar63°06′42″N 07°49′28″E / 63.11167°N 7.82444°E / 63.11167; 7.82444
Nettstadhttp://www.avinor.no/en/airport/kristiansund Sjå dette på Wikidata

Det er 4 grinder på Kvernberget. Grind 2 og 3 vert nytta til vanlege innanlandsruter og grind 1 til leigeturar, medan grind 4 vert nytta berre ved spesielle høve. Flyplassen handterer rundt 230 000 passasjerar i året, medan heliporten har rundt 70 000. Kvernberget har direkteruter til Molde, Trondheim, Oslo, Bergen, Stavanger og Aberdeen. Lufthamna har dessutan leigeturar til Mallorca og Romania, og rutefly til Aberdeen via Stavanger. Han har ein kafeteria driven av Select Service Partner (SSP), og ein kiosk.

Flyplassen blei bygd i 1970, og fekk namn etter Kvernberget like ved. Fjellet, på 205 moh., er det høgaste på Nordlandet og var òg det høgaste i Kristiansund kommune føre Frei kommune vart innlemma den 1. januar 2008.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre