Kristin Halvorsen
Kristin Halvorsen (fødd 2. september 1960) er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti. Ho er også partileiar i partiet og kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Då Audun Lysbakken trekte seg frå stillinga som barneminister 5. mars 2012, [1] tok Halvorsen midlertidig over stillinga hans. [2]
Kristin Halvorsen | |
![]() Kristin Halvorsen vert gratulert som Finansminister på Løvebakken, 17. oktober 2005 Foto: Eivind på Wikimedia Commons | |
Fødd | 2. september 1960 (62 år) Horten |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Sosialistisk Venstreparti |
Yrke | politikar, styreleiar |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Ektefelle | Charlo Halvorsen |
Ho var finansminister i regjeringa Stoltenberg II frå 17. oktober 2005. Ho blei med dette den første kvinnelege finansministeren i Noreg, og den første finansministeren frå eit parti til venstre for Arbeidarpartiet. 20. oktober 2009 gjekk ho av som finansminister, og tok i staden over som statsråd og leiar for Kunnskapsdepartementet.
Kristin Halvorsen vart fødd i Horten (no Borre) i Vestfold. Ho har universitetsfaga sosialpedagogikk og kriminologi (høvesvis 1,5 og 1 år, ikkje fullført nokon grad), og har arbeidd som sekretær i eit advokatfirma. Det er den einaste jobben ho har hatt utanom politikken.[3] Ho har hatt mange tillitsverv i Sosialistisk Ungdom og SV. Halvorsen er gift med NRK-tilsette Charlo Halvorsen.
Halvorsen har vore stortingsrepresentant sidan 1989, og representerer Oslo. Ho var medlem i Utanrikskomiteen frå 1989 til 2005. Ho har også vore med i Den utvida utanrikskomiteen, Valkomiteen og Stortinget sin delegasjon for samband med EU-parlamentet. I tillegg var ho gruppeleiar for SV si stortingsgruppe frå 1997 til 2005.
I 2002 fekk Halvorsen Kommunikasjonsprisen 2002 frå Norsk Kommunikasjonsforening. Ho var den første norske partileiaren som hadde ein blogg. I 2004 gav ho ut boka Rett fra hjertet på Gyldendal forlag (Kristin Halvorsen i samtale med Ingolf Håkon Teigene).
BakgrunnsstoffEndra
- Kristin Halvorsen si vevside Arkivert 2004-11-22 ved Wayback Machine.
- Presentasjon av Kristin Halvorsen ved stortinget.no
FotnoteEndra
- ↑ Dagbladet, 05.03.12: Audun Lysbakken trekker seg som statsråd.
- ↑ Dagbladet, 05.03.12: Kristin Halvorsen tar over midlertidig etter Lysbakken.
- ↑ «Halvorsen, Kristin» av Ingunn Norderval i Norsk Biografisk Leksikon; bind 4, Halvorsen-Ibsen (Kunnskapsforlaget, 2001) (www).