Kristine Minde

norsk fotballspelar
(Omdirigert frå Kristine Hegland)

Kristine Minde (fødd Kristine Wigdahl Hegland fødd 8. august 1992) er ein norsk fotballspelar frå Bergen. Minde er midtbanespelar. Frå 2020 har ho spela for Rosenborg Ballklub Kvinner. Tidlegare har ho spelt for Linköpings FC, Arna-Bjørnar og VfL Wolfsburg.[1][2]

Kristine Minde
Kristine Minde i norsk landslagsdrakt i 2016
Fødd 8. august 1992
Fødestad Bergen
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rosenborg
Nummer 17
Ungdomsklubbar
- Tertnes
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2008–2013 Arna-Bjørnar 129 (29)
2014–2017 Linköping
2018–2020 VfL Wolfsburg
2020– Rosenborg
Landslag
2011- Noreg 83 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. juli 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 8. desember 2017

Minde har spelt landslagsfotball for Noreg sidan 2011.[3] Ho var ein del av troppen som tok sølv i EM i fotball for kvinner 2013. Minde skåra det norske målet i opningskampen, der Noreg spilte 1–1 mot Island.[4]

Minde melde seg inn i Arna-Bjørnar i 2008 og var fast på laget i seks sesongar. Sidan 2014 har ho spelt på det svenske laget Linköpings FC og vunne ein nasjonal cupfinale og eit seriegull.

Minde landslagdebuterte under Fotball-VM 2011 mot Australia i Leverkusen. Sidan har ho ofte spelt venstreveng i det norske angrepet, såleis som i EM-finalen 2013 då Noreg tapte 0-1 mot Tyskland. Ho var også med i Fotball-VM 2015 i Canada og Fotball-EM 2017 i Nederland.

Merittar endre

  • EM-sølv: 2013
  • Svensk cupmeister: 2015 med Linköpings FC
  • Svensk seriemeister: 2016 med Linköpings FC

Kjelder endre

  1. Bøyum, Kim (1. november 2013). «Kristine Hegland til Linköping». Bergens Tidende (på norsk bokmål). Henta 4. juni 2018. [daud lenkje]
  2. «Minde klar for tysk storklubb - blir lagkamerat med Graham Hansen». Dagbladet.no (på norsk). 21. november 2017. Henta 4. juni 2018. 
  3. «Kristine Wigdahl Hegland», profil hjå Norges fotballforbund. Besøkt 18. juli 2013.
  4. «NFF TV: Seieren glapp i EM-åpningen», av Erlend Marius Aas, fra NFFs hjemmeside, 11. juli 2013. Besøkt 18. juli 2013.