Kristine Moldestad
Kristine Moldestad (fødd 10. april 1969) er ein norsk tidlegare handballspelar. Ho vann bronse i EM 1994 og sølv i EM 1996 med Noreg.
Kristine Moldestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. april 1969 (55 år) Bærum kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Rykkromspelar Moldestad spelte til 1990 på Halsen IF. Sidan var ho fram til 1999 aktiv for Larvik HK, ein klubb som i denne perioden tok steget opp i toppen av norsk kvinnehandball. Moldestad utmerkte seg som ein sterk forsvarsspelar og deltok på det norske landslaget i tida frå februar 1994 til desember 1996. Desse åra var ho med å vinne bronsefinalen mot Ungarn under europameisterskapen 1994, for så å tape bronsefinalen i VM 1995 og sameleis i Sommar-OL 1996. Også hennar siste landskamp, finalen i Handball-EM 1996, enda med norsk tap. Moldestad spelte 65 landskampar og skåra 64 mål.