Kristinfeltet er eit naturgassfelt sørvest på Haltenbanken i Norskehavet. Utvinning av naturgass og naturgasskondensat frå Kristinfeltet tok til i fast produksjon frå den 3. november 2005.

Kristinfeltet
Informasjon
Operatør Equinor
Produksjon Gass, kondensat og rikgass
Tilknytt terminal Via Åsgard transport til Kårstø
Funnår
Oppstart 3. november 2005
Geografi og geologi
Plassering Sørvest på Haltenbanken i Norskehavet
Koordinatar 65°00′N 6°34′E / 65.00°N 6.56°E / 65.00; 6.56


Reservoardjupne Ca. 5000 m
Rettshavarar
Statoil 55,29 %

Petoro 19,57 %
ExxonMobil produksjon 10,87 %
Eni Norge 8,24 %
Total E&P Norge 6 %

Equinor er operatør for Kristinfeltet. Feltet har fire produksjonsramer på havbotn med fire produksjonsbrønnar kvar, i alt tolv produksjonsbrønnar, som alle er knytte til den halvt nedsenkbare Kristinplattforma. Dagleg vert det produsert kring 10 millionar kubikkmeter gass, 125 000 fat kondensat og om lag 18 millionar kubikkmeter rikgass.

Reservoaret har eit trykk på 900 bar og ein temperatur på 170 °C. Dette er høgare enn for noko anna felt på norsk sokkel. Reservoaret ligg nesten 5000 meter under havoverflata.

Kjelder endre