Kristoffer Teige

Kristoffer Teige (21. oktober 18879. oktober 1967) var ein norsk bonde, hardingfelespelemann og folkesongar frå Teige i Skifjorden i Hyllestad i Sogn og Fjordane.

Kristoffer Teige
Fødd 21. oktober 1887
Død

9. oktober 1967 (79 år)

Yrke musikar

BakgrunnEndra

Kristoffer Teige vart fødd i Teige i Hyllestad, som son av Nikolai C. Teige (f. 10.12.1856 i Skifjord i Hyllestad) og Maargrete J. Teige (f. Bordvik, 28.10.1859). Han var gift med Anna Kristine Teige (f. Myklebust, 1891).

SpelemannEndra

Kristoffer Teige var sjølvlærd, og laga seg fele i 6-årsalderen. Seinare kjøpte han ei hardingfele i Bergen. Han hadde tradisjon frå lokale eldre spelemenn, mellom andre Edvard Brendehaug frå Fjaler kommune.

Teige var spelemann i mange bryllaup, og han har spelt på fleire kappleikar. NRK gjorde lydopptak av Teige på slutten av 1950- og byrjinga av 1960-talet.

Musikalsk ettermæleEndra

Unni Løvlid har brukt materiale etter Kristoffer Teige på plateutgjevinga «So ro liten tull» frå 1999. Også folkemusikkgruppa Bufaste tonar har brukt materiale etter Teige.

Prisar og utmerkingarEndra

I 1967 vart Kristoffer Teige heidra med Kongens Fortenestemedalje i sølv.

BakgrunnsstoffEndra