Opna hovudmenyen
Isbjørn er ein truga art. Han er rekna som sårbar både i norsk og internasjonal samanheng.
Foto: Dave Olsen

Truga artar er artar (som dyr eller plantar) som er truga av utrydding. Artar kan trugast av ulike grunnar, som habitatendringar eller for sterk predasjon, og har i våre dagar ofte årsak i menneskelege handlingar.

For å hindra at ein art skal utryddast heilt kan ein setja i verk tiltak som freding, forbod eller avgrensingar av jakt, fiske, plukking eller anna forstyrring av truga artar eller tilhaldsstadene deira. Slike tiltak kan vera med på å gjera artane mindre truga, kanskje tilmed livskraftige. For å identifisera truga artar som treng tiltak, driv ein med raudlisting, der artane blir klassifiserte etter kor levedyktige dei er. Alle truga artar kjem likevel ikkje med på desse listene,og kan forsvinna utan at ein legg merke til det.

RaudlistingEndra

Raudlisting


Global raudlisteNorsk raudliste


Utrydda artUtrydda artUtrydda i vill tilstandKritisk trugaSterkt trugaSårbar artNær trugaTruga artLivskraftigLivskraftig 

Ei internasjonal og fleire nasjonale raudlister gjev i dag oversyn over ei rekkje truga artar, og i kva grad dei er truga. Dei truga artane blir delte inn i sårbar, sterkt truga eller kritisk truga.

Kritisk truga artarEndra

CR, Critically endangered, viser til artar som har svært høg risiko for å døy ut – 50 prosent sannsyn for å døy ut innan 3 generasjonar, minimum 10 år.

Oversyn over kritisk truga artar

Sterkt truga artarEndra

EN, Endangered, viser til artar som har svært høg risiko for å døy ut – 20 prosent sannsyn for å døy ut innan 5 generasjonar, minimum 20 år.

Oversyn over sterkt truga artar

Sårbare artarEndra

VU, Vulnerable, viser til artar som har høg risiko for å døy ut (10 prosent sannsyn for å døy ut innan 100 år).

Oversyn over sårbare artar

Nær truga (NT, Near threatened) viser til artar som kan bli truga og dermed ikkje er heilt livskraftige.

I NoregEndra

Ifølgje Norsk Raudliste 2006 er 1 988 artar truga i Noreg. 258 artar er kritisk truga, og kan bli utrydda i Noreg i løpet av ein tiårsperiode.

Sjå ogsåEndra

KjelderEndra


BakgrunnsstoffEndra