Krohnåsvegen

veg i Bergen kommune

Krohnåsvegen er ei gate i Fana i Bergen som går mellom Lagunevegen ved Lagunen Storsenter og Bjørnevegen. Vegen er om lag 750 m lang.

Gata fekk namn i 1961 etter Krohnåsen sør for vegen, som igjen er kalla opp etter Krohn-slekta som eigde området frå 1765 til 1872.

Tidlegare gjekk Krohnåsvegen frå Fanavegen og gjennom heile Laguneparken og Lagunen Storsenter. Vegen gjennom Laguneparken skifta namn til Lagunevegen. Delar av Krohnåsen ligg langs Apeltunvatnet og var tidlegare ein del av traseen til jernbanelinja Osbanen, som gjekk mellom Nesttun og Os. Denne delen av vegen er i dag ein del av nasjonal sykkerute 1.

Knutepunkt

endre

Kjelder

endre
  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.