Krokeide er ein tettstad og ein gard i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden har 395 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg mellom Fanafjorden og Lysefjorden. Her er framleis gardsdrift.

Krokeide
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Areal 0,55 km²
Folketal 395 (2017)
Folketettleik 718 / km²
Postnummer 5244 FANA

Krokeide
60°13′0″ N 5°18′0″ E
Wikimedia Commons: Krokeide

Her ligg Krokeide skole og Krokeide videregående skole.

Frå Krokeide går det ferje til HufthamarHuftarøy i Austevoll.

NamnEndra

Namnet kjem av det norrøne Krókeið eller Krókeiðar. Det første leddet er av ukjend opphav, medan andre leddet syner til eidet som her ligg mellom Fanafjorden og Lysefjorden.

GeografiEndra

Krokeide ligg mellom Fanafjorden i nord og Lysefjorden i sør, og namnet syner til det 170 meter breie eidet mellom desse fjordane. Vest for eidet ligg Korsneset, ei halvøy mellom dei to nemnde fjordane, samt Korsfjorden i vest. Vestre del av Korsneset er utan busetnad, men dekkjer eit større militært område med utsikt mot Sotra og Austevoll og utover Korsfjorden til Marstein fyrstasjon.

Krokeide grensar til gardane Rød i nordaust og Nordvik i søraust.

HistorieEndra

Garden, som opphavleg omafatta Korsneset høyrte opphavleg til Lyse kloster og Lyseklostergodset fram til brukarane sjølve tok over i 1870- og 1880-åra.

I eldre tider brukte ein å slepe båtane over det 170 meter lange eidet, for å unngå å segle rundt Korsneset, som ligg ope til ut mot havet ved Korsfjorden.

Tidlegare låg det eit granittbrot på garden.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.