Kromosfære er den inste delen av atmosfæren til sola. Han ligg mellom fotosfæren og koronaen og har ein utstrekning på 3000 km; temperaturen stig utover frå 4500 K til 10 000 K. Kromosfæren endrar brått i ein overgangssone (transisjonssonen) til koronaen med tjukkleik på nokre få hundre kilometer, der temperaturen stiger til ein million grader kelvin. Kromosfæren var tidlegare definert på ein annan måte og tjukkleiken var da gjeve til 10 000–15 000 km.

Sola sett gjennom eit teleskop med H-alpha-filter

Kromosfæren er synleg for ein kort augneblink før og etter den totale fasen av ei solformørking som ein smal, rosa brem som delvis omsluttar den mørke måneskiva. Kromosfæren, som òg kan observerast utanom solformørkingar ved hjelp av spesielle instrument (t.d. koronagraf), viser finstruktur, spicules. Eldre observatører samanlikna utsjånaden til kromosfæren med ein brennende prærie.

Kjelder endre