Eit kromosom er eit kompleks av omslått og organisert kromatin inni celler, og er samansett av DNA, protein og RNA.[1][2] Det informasjonsbringande makromolekylet er sett saman av dobbelstrenga DNA og inneheld gen, regulatoriske element og anna ikkje-kodande DNA (søppel-DNA). Dei DNA-bundne makromolekyla er protein og dei bidreg til å pakke inn og regulere DNA. Kromosom er veldig varierande i ulike artar, og somme har plasmid eller anna ekstrakromosomalt DNA attåt.

Replikert og kondensert eukaryotisk kromosom i metafase. (1) Kromatid — éin av to identiske delar av kromosomet etter S-fase (2) Sentromer — punktet der to kromatid møtast (3) Kort arm (p-arm) (4) Lang arm (q-arm)

Samanpressing av dei dupliserte (doble) kromosoma ved mitose og meiose kan skapa ein firearma struktur (sjå bilete til høgre) viss sentromeren ligg midt på kromosomet; toarma viss den ligg nær ein av endane.[3] Kromosomal rekombinasjon under meiose spelar ei viktig rolle for det genetiske mangfaldet,[4] men strukturane kan feilkombinerast i høve av til dømes kromosomal instabilitet eller kromosomal translokasjon og føra til sjukdom.[5] Dette kan drive cella inn i mitotisk katastrofe og resulterande død. Viss cella likevel unngår apoptose kan det stundom føra til progresjon av kreft.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Kromosomer, DNA og gener». Gensidene (Universitetet i Bergen, UiB). 2014. Arkivert frå originalen 28. august 2006. Henta 25. november 2014. 
  2. Bøhle, Kristin. «Kromosomer, DNA og gener». NDLA.no (Nasjonal digital læringsarena). Henta 25. november 2014. 
  3. «Kromosom-armer og kromatider». Gensidene (Universitetet i Bergen, UiB). Arkivert frå originalen 22. november 2015. Henta 25. november 2014. 
  4. Aarnes, Halvor (4. februar 2011). «Rekombinasjon og mutasjon». Institutt for biotvitenskap (Universitetet i Oslo, UiO). Henta 25. november 2014. 
  5. «Telomerer og telomerase ved aldring og ved enkelte sykdommer» (PDF). Tese (Norges arktiske universitet). 2007. Henta 25. november 2014.