Kroningsmesse av Mozart

Krönungsmesse (tysk for Kroningsmesse) (Messe nr. 15 i C-dur, KV 317; stundom messe nr. 16), komponert i 1779, er ein av dei mest populære messene til Wolfgang Amadeus Mozart. Som dei fleste av messene til Mozart er det ein Missa brevis, eller kort messe (i motsetnad til dei lengre høgmessene kjend som Missae solemnes).

Kroningsmesse
K. 317
Messe av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerKormusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1779
Typisk lengd26:01
Satsar/akter5

HistorieEndra

Denne messa vart ferdig den 23. mars 1779 i Salzburg. Mozart hadde akkurat kome attende etter ein 18 månadar lang jobbjakt i Paris og Mannheim, og faren Leopold skaffa han så jobb som hofforganist og komponist i Salzburgkatedralen. Messe var nesten heilt sikkert spelt første gongen på påskesundag 4. april 1779. Verket vart truleg ikkje framført under kroninga av keisaren i Praha i 1790 og 1792. Verket ser ut til å fått namnet sitt i keisarhoffet i Wien tidleg på 1800-talet.[1]

StrukturEndra

  1. Kyrie
  2. Gloria
  3. Credo
  4. Sanctus
  5. Benedictus
  6. Agnus Dei

Verket er instrumentert for solistar og kor, to fiolinar, «Bassi», to oboar, to valthorn, to trompetar, pauke, tre trombonar og orgel

KjelderEndra

  1. David Black, "Mozart and the Practice of Sacred Music, 1781-91" (PhD diss., Harvard University, 2007), 198-243.

BakgrunnsstoffEndra