Krossknapp
Krossknapp
Krossknapp
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Slekt: Glechoma
Art: Krossknapp G. hederacea
Vitskapleg namn
Glechoma hederacea

Krossknapp (Glechoma hederacea) er ei eviggrøn, flerårig urt i leppeblomfamilien. Planta har ein krypande til oppstigande vekst. Han blir 5–30 cm høg, men stengelen kan krype opptil 1 meter.[1] Blada er runde eller nyreforma med ei svakt hårete overside. Blomane sit i mindre kvastar ved bladhjørna på opprette skot.[2] Dei er blåfiolette på farge og har purpurfarga flekkar på underleppa.[1]

Botanisk teikning av krossknapp.

Pollenknappen dannar to kvite krossar i blomen, noko som har gjeve planten det norske namnet sitt. Han har ei sterk aromatisk lukt.[2]

Leveområde og utbreiing endre

Krossknapp føretrekk fuktig jordsmonn i mellom anna buskas, kulturmark eller lauvskog. Krossknapp veks i skogkantar, ved gjerde og langs vegkantar. I Noreg er han vanlegast på Austlandet.[2] Han veks nord til Finnmark, men er sjeldan i innlandet og i Nord-Noreg. Truleg er arten ein framandart innført som medisinplante i vikingtida eller i mellomalderen.[3]

Krossknapp veks over store delar av Europa og nord og vest i Asia. Han er også innført i Nord-Amerika og på New Zealand.[1] Han formerer seg og spreier seg raskt og blir sett på av mange som ein invasiv art. Planten vert nytta som staude i hagar, men er invaderande og blir av mange sett på som eit ugras.

 
Blomen av krossknapp.

Bruk endre

Blome og blad kan brukast til vinlaging.[4] Før han blei erstatta av humleplanten blei krossknapp også brukt til ølbrygging, for å gjera brygget beiskare, klarare og meir haldbart.[1]

Planten er svakt giftig og var tidlegare mykje nytta som feber- og hostemiddel.[2] Han er blitt spreidd i Finland som hageplante, og teken med av europeiske utvandrarar til koloniane.

Variantar endre

Den tidlege, meir djupblå varianten blir ofte kalla vårkrossknapp, og er mindre enn krossknapp.

  • Glechoma hederacea subsp. glabriuscula (Neilr.) Gams
  • Glechoma hederacea var. micrantha (Rchb.) Nyman
  • Glechoma hederacea var. micrantha P.Fourn.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Korsknapp, Urtekilden (rolv.no)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Korsknapp (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 25. juli 2013.
  3. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 973. 
  4. Korsknapp, NatureGate (luontoportti.com)

Bakgrunnsstoff endre