Korditt er eit sprenglegeme beståande av nitroglysersin, svartkrutt og eit bindemiddel som erstattar svartkrutt i militært bruk sidan forbrenningsprodukta var gassar med minimal mengd sot. Det gjorde muleg lange skotseriar utan at våpenet måtte reingjerast og at ein slapp røkutvikling som uroa skyttarens stilling. Under svartkrutt-tida danna kanonrøken ved vindstille ei rein fysisk krigståke som gjorde det vanskeleg å skilja mellom ven og fiende på slagmarken, detta slapp ein med kordit.

Strenger av korditt

Akkurat som svartkrutt er bomullskrutt eit langsomtvirkende sprengstoff. Det frigjer sin energi på den tida prosjektilet røyrer seg framover i kanon/geværløpet, og ikkje når det eksploderar. Tilsetning med nitroglycerin gjer kordit mindre eigna til å ta opp fukt frå lufta og aukar difor prosjektilets haldbarhet, samanlikna med om det hadde vore reint bomullskrutt.

Korditt er namnet på krutet, som elles vert kalla NC-krut. Det vart oppfunne av engelskmannen Frederick Abel og James Dewar omkring år 1890, som på denne var innblanda i patentkrig med Alfred Nobel.

Nytte endre

I militær anvendelse vertkorditb brukt til å skyta granatar lange strekningar. Under andre verdskrig blanda skipsmannskap kordit med svartkrutt for å få lengre rekkjevidd på sina kanonar.

Kordit er no forelda, og det verta ikkje lenger produsert.

Kjelder endre