Atmosfæremotor

(Omdirigert frå Krutmotor)

Ein atmosfæremotor er ein forbrenningsmotor som utførte arbeid ved at eit stempel har atmosfæretrykket på eine sida og undertrykk på den andre sida. Det var Abbé Hautefeuille som i 1678 foreslo ein slik motor, medan Christiaan Huygens lage ein motor[1], som han demonstrerte i 1680[2]. Samuel Morland eksperimenterte med ei krutdriven vasspumpe på 1600-talet.

Newcomen dampatmosfæremotor.

Krutmotorar endre

I maskina til Huygens var stemplet festa i eit tau, som gjekk over ei trinse plassert på ein påle. Den andre enden av tauet var festa til ei last. Seinare motorar av denne typen hadde ein bom som var festa til stemplet i den eine enden og til ei last i den andre enden. Lasta lyfta stemplet slik at det stod øvst i sylinderen. På dei aller fyrste motorane vart ein krutladning avfyrt i sylinderen. Trykket av eksplosjonen vart ikkje nytta for å utføra arbeid, men vart sleppt ut gjennom ein ventil, slik at det etter eksplosjonen var om lag same trykk på begge sider av stemplet. Når gassen i sylinderen vart avkjølt, vart volumet av gassen mindre og atmosfæretrykket på toppen av stemplet pressa det ned i sylinderen og lyfta lasta i andre enden av tauet/bommen og utførte arbeid. Når det vart sleppt luft inn i sylinderen att, ville lasta på andre sida av tauet/bommen lyfta stemplet til øvre posisjon att, klar for neste krutladning. At motoren måtte «ladast» med ein ny krutladning mellom kvart arbeidsslag, var sjølvsagt noko tungvint, med desse motorane var å rekna som forskningsverktøy og var ikkje brukbare til praktisk arbeid.

Gassmotorar endre

Dei fleste forsøka med motorar med intern forbrenning frå tida før 1869 var atmosfæremotorar.

Dampmaskinar endre

Dei fyrste eksperimenta med dampmaskiner nytta òg atmosfæretrykket for å utføra arbeid. Denis Papin, som var assistenten til Huygens då han arbeidde med krutmotoren, var ein pioner på dampdriven atmosfæremotorar. Frå 1690 og utover utførte han fleire eksperiment med atmosfæriske dampmaskinar, som han mellom anna nytta i hjuldamparar. Dampmaskinene til Thomas Newcomen og Iwan Iwanowitsch Polsunow nytta òg atmosfæretrykket for å utføra arbeid.

Kjelder endre

  1. The Early History of Combustion Engines, University of Cambridge, Department of Engineering. (vitja 19/4-2008)
  2. Cummins, L., Internal fire, 3. utg., Carnot Press, 2000.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.