Kuben videregående skole
59°55′41.462″N 10°49′10.567″E / 59.92818389°N 10.81960194°E
Kuben videregående skole | |||
Kuben videregående skole Foto: Kuben yrkesarena, 2015 | |||
Motto | På Kuben holder du mulighetene åpne! | ||
---|---|---|---|
Skuletype | Vidaregåande skule med program i Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon Elektrofag Helse- og oppvekstfag Design og handverk Vg2 IKT servicefag Vg2 Transport og logistikk Studiespesialisering | ||
Org.nummer | 899178092 | ||
Grunnlagd | 19. august 2014 | ||
Kommune | Oslo kommune | ||
Adresse | Kabelgaten 10-12, 0580 Oslo | ||
Rektor | Kjell Ove Hauge | ||
Elevar | 560 elevar (2007) | ||
Tilsette | 300 (2023) | ||
Nettstad | https://kuben.vgs.no | ||
Kuben videregående skole 59°55′40″N 10°49′00″E / 59.927777777778°N 10.816666666667°E |
Kuben videregående skole er ein kombinert vidaregåande skule på Økern i Bydel Bjerke i Oslo. Skulen opna august 2013 og er den største vidaregåande skulen i Oslo med over 1 500 elevar frå hausten 2015. Skulen er del av Kuben yrkesarena og er samlokalisert med Fagskulen i Oslo.
Kuben er Oslo kommune si storsatsing på yrkesfagleg utdanning. Skolen har tilbod innan nye nye utdanningsmodellar som dobbeltkompetanseløpet Yrkes- og studiekompetanse og vekslingsmodellen innan fleire utdanningsprogram. Skolen utviklar samstundes ei avdeling for studiespesialiserande utdanning. I den avdelinga har skulen etablert det unike tilbodet, teknologilinje med innovasjon, entreprenørskap og forsking.
Utdanningstilbod endre
Kuben tilbyr heile sju forskjellige utdanningsprogram, med ei rekke programområder:
- Studiespesialisering
- med realfag og språk, samfunnsfag og økonomi fordelt på 5 parallellar der ei klasse er teknologilinja.
- Bygg- og anleggsteknikk
- med Vg2 byggteknikk og Klima, energi og miljøteknikk (KEM, der dei fleste vel rørleggar eller blekkslagar), samt det fireårige dobbeltkompetansetilbodet yrkes- og studiekompetanse.
- Elektrofag
- med Vg2 automatisering, data og elektronikk, elenergi, kulde- og varmepumpeteknikk, samt Vg3 automatiseringsfaget og dataelektronikarfaget.
- Teknikk og industriell produksjon
- med Vg2 bilskade, lakk og karosseri og bilmekanikar, lette køyrety, samt tilbod innan vekslingsmodellen.
- Helse- og oppvekstfag
- med Vg2 barne- og ungdomsarbeider og helsearbeiderfag, samt det fireårige dobbeltkompetansetilbodet yrkes- og studiekompetanse.
- Design og håndverk
- med Vg2 frisør.
- Vg2 IKT servicefag.
Historie endre
Tidleg på 2000-talet utarbeida Utdanningsetaten i Oslo planar for ei nysatsing på fag- og yrkesopplæring, då under namnet Risløkka kompetansesenter for yrkesfag. Bydelsutvalget i bydel Bjerke bestemte den 10. mars 2011 at namnet på skulen skulle vere Kuben videregående skole, og kompetansesenteret fekk namnet Kuben yrkesarena. Hausten 2013 stod skulen klar for oppstart. Fyrste rektor ved skulen er den tidlegare friidrettsutøvaren Kjell Ove Hauge.[1]
Referansar endre
- ↑ kuben.vgs.no:Kubens historie - helt fra 1921!, henta 7. mai 2014
Bakgrunnsstoff endre
Galleri endre
-
Skuleplassen ligg på takterrassa med utgang frå 4. etasje.
Foto: Kuben yrkesarena, 2013
-
BiKuben i Kabelgaten 24.
Foto: Kuben yrkesarena, 2013
-
Avdeling Ullevål er lokalisert i bygga til nedlagde Sogn videregående skole.
Foto: Kuben yrkesarena, 2013
-
Nordveggen til Kuben, mot Østre Aker vei. Merk spegelbilete av logoen til nabobygget, Quality Hotel 33, i vindauget.
Foto: C. Hill, 2013
-
Foajè og kantina ved hovudinngangen.
Foto: C. Hill, 2013