Opna hovudmenyen

Kulturlandskapet på Södra Öland

Kulturlandskapet på Södra Öland (svensk språk: Södra Ölands odlingslandskap) er eit område som omfattar 56 000 hektar sør på øya Öland i Sverige. I området har det vore verksemd knytt til landbruk heilt sidan steinalderen (3000 f.Kr.-1800 f.Kr.). Kulturlandskapet har spor av mykje menneskeleg aktivitet i form av byar, jordbruk og gjeting av buskap.

Kulturlandskapet på Södra Öland
Öland Gettlinge.jpg
Gravfelt ved Gettinge med steinar sett opp i form av eit skip
LandSverige
Flag of UNESCO.svgInnskriven ved UNESCOs 24. sesjon i 2000.
Referansenr. 968.
Kriterium:KULTUR (IV)(V)
Sjå ògVerdsarvstader i Norden
BakgrunnsstoffKulturlandskapet på Södra Öland ved unesco.org

Kulturlandskapet er av UNESCO teke med på lista over verdsarv. Aust for området ligg Stora alvaret, som også kom med på UNESCO si verdsarvliste i 2000.

Området fell for ein stor del saman med kommunen Mörbylånga kommun. Sokna i nord Torslunda, Glömminge, Algutsrum, Norra Möckleby og Gårdby er ikkje med i området.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kulturlandskapet på Södra Öland