Koordinatar: 59°55′5.6136″N 10°44′34.638″E

Kunstindustrimuseet i Oslo, skipa 1876, var eit av dei eldste kunstindustrimusea i Europa. Museet er nedlagt frå 16. oktober 2016.[2] Kunstsamlingane blir flytta til det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen, som er planlagt opna i 2020.[2]

Kunstindustrimuseet i Oslo
Oslo, Museum of Decorative Arts and Design (1).JPG
Foto: Michal Klajban
StadSt. Olavsgate 1, Oslo
Skipa1876
DirektørWidar Halén[1]

Museet hadde samlingar av eldre norsk og internasjonal kunstindustri. Samlingane omfatta mellom anna eldre tekstilkunst med riksklenodiet Baldisholteppet, norsk sølv, fajanse og glas frå 1700-talet, og dessutan kongelege drakter frå 1896 og framover. I dei seinare åra har vår samtid og nære fortid vore museet sitt viktigaste satsningsområde, noko som har vist seg både gjennom innsamlings- og utstillingsverksemd. Typisk for denne utviklinga var museet si nyaste basisutstilling «Designar og kunsthandverk 1905–2005».

HistorieEndra

Professor Lorentz Dietrichson tok initiativ til skipinga av museet, og dagleg leiar frå starten var Henrik A. Grosch. Han la vekt på innsamling av norsk folkekunst, mellom anna som ledd i arbeidet for å fremje husfliden. Kunstindustrimuseet dreiv i mange år kursverksemd i treskjæring, veving osb. omkring i Sør-Noreg, og museet spela ei sentral rolle ved skipinga av Den Norske Husflidsforening. Samlingane av norsk folkekunst vart for ein stor del overført til Norsk Folkemuseum i 1950-åra.

Museet flytta i 1904 saman med Statens håndverks- og kunstindustriskole i ein monumental bygning i Oslo. Arkitektar for bygget var Adolf Bredo Greve og Ingvar M. O. Hjorth. Utstillingane til museet er enno der, medan biblioteket og kontora i 2005 vart samlokaliserte med dei øvrige institusjonane som inngår i det nye Nasjonalmuseet.

1. juli 2003 vart museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

KjelderEndra

  1. Nasjonalmuseets direktør og stab
  2. 2,0 2,1 Graatrud, Gabrielle (16. juni 2016). «Kunstindustrimuseet stenger dørene - men pakkinga tar tre år». Dagbladet.no. Dagbladet. Henta 2. november 2016. 

BakgrunnsstoffEndra