Kurratlauk

varietet av villpurre
Kurratlauk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Villpurre A. ampeloprasum
Varietet: Kurratlauk Allium ampeloprasum var. kurrat

Kurratlauk eller kurrat (Allium ampeloprasum var. kurrat) er ei laukplante i laukslekta i påskeliljefamilien som er dyrka som matplante i Midt-Austen. Han er i nær slekt med elefantkvitlauk og purre, og dei er sett på som å vere av den same arten, sjølv om kurrat nokre gonger er lista som Allium kurrat. Kurrat er litt mindre enn purre.

Det er hovudsakleg blada av kurratlauk ein bruker. Desse kan ein hausta fleire gonger kvar sesong, og dei kan etast råe eller tilreidde. Også resten av planten kan etast som purre. Safta av planten kan brukast til å skremma vekk møll.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre